1. desember: Thilo Lindner

– I jula har alle hus og heimar lysbogar i vindauga sine, dette er til minne om gruvearbeidarane og deira spesielle forhold til lys

Thilo Lindner frå Erzgebirge i Tyskland, har budd i Volda i 13 år.

Thilo Lindner frå Tyskland har budd i Volda i 13 år. Han deler sine juletradisjonar i Møre-Nytt sin julekalender.  Foto: Oddhild Harman

Om du reiser rundt i Erzbirge etter at sola har gått ned, ser du alle desse fine lysbogane i alle bustader

Thilo Lindner
Nyheiter

– Eg tykkjer adventstida er kjekkast; ventetida før jul. Erzgebirge heiter området eg kjem frå, og det er kjent i heile Tyskland som “julelandet” for sine lange tradisjonar med gruvedrift og seinare produksjon av julefigurar i tre. Julefigur-tradisjonen overlevde til og med DDR-tida, som er ganske spesielt sidan kommunistane ikkje verdsette at kvar stove vart pynta med englar og julekrybber, som minner om formålet med jula.