[mat]

Potetlompe-rullar med fenalår & kremostfyll

TAPAS: Fylte potetlomper er den perfekte rett å ta med til koldtbordet eller tapas i juletida. 

Nyheiter

Potetlomper bringer gode minne frå barndomen inne hjå morfar og mormor på Hjørungavåg. Morfar laga dei sjølv og smurde dei med mørk sirup og rulla dei saman som eit lite måltid. Den smaken får meg alltid til å tenke på han. Det var derfor med nostalgisk tanke eg mange år seinare begynte å lage mine eigne heimelaga lomper. Kvart år lagar eg opp ein haug til juletida og fyller dei med både søtt og salt fyll. Lag dei gjerne sjølv du også, eller kjøp ferdige til retten.