Nytt treningsområde og sponsoravtale for klatreklubben

Sponsoravtale og Drivkraft-midlar: Olde-Magnus Orlien (t.v.) og Bjørnar Øye (t.h) delte ut Drivkraft-midlar til Sunnmørsk klatreklubb og inngjekk ein ny sponsoravtale laurdag. Trygve Hamre (styrerepresentant) og Øystein Dahl (nestleiar i styret) tok imot gåvesjekken. 

Nyheiter

Sunnmørsk klatreklubb er i vekst. No er eit nytt treningsområde snart klart til bruk i Ørstahallen og ein ny sponsoravtale er på plass.

Laurdag fekk Sunnmørsk klatreklubb tildelt 25.000 kroner til det nye treningsområdet i Ørstahallen. Ein ny Moon-vegg er installert. Her er det ledlys i veggen. Den som skal klatre kan nytte mobiltelefonen sin og velje ei rute som då bli lyst opp i veggen. I tillegg er det fleire nye treningselement installert, og ein eigen vegg der hellinga kan justerast.

Laurdag vitja Sparebank 1 Søre Sunnmøre klatrehallen i Ørsta og overrekte Drivkraft-midlar til prosjektet. I tillegg vert banken hovudsponsor for klatreklubben dei tre neste åra.

– No blir det ei vidareutvikling av det fine anlegget som er her. Vi inngjekk ein eittårig avtale i januar og no blir den forlenga med tre nye år. Beløpet vi går inn med no er vesentleg høgare enn tidlegare. I 2020 er 20.000 kroner dedikert til ungdomsgruppa i klubben Det er kjekt for oss å vere med som ein aktiv sponsor, seier avdelingsbanksjef Ole-Magnus Orlien.

Klatreklubben set stor pris på gåva og midlane gjer det mogleg for dei å ta nye steg.