Eksplosiv vekst for Sunnmørsk klatreklubb

– Vi er no rundt 500 medlemmar

Buldrebord: Aktiviteten i klatrehallen laurdag var stor under buldrebordet til Sunnmørsk klatreklubb. Klubben har hatt stor vekst sidan opninga av hallen og tek stadig nye steg. 

Nyheiter

At klatrehallen i Ørsta-hallen har hatt stor effekt på interessa for klatresporten er udiskuterbar. Sidan opninga i januar i år har Sunnmørsk klatreklubb fått fleire hundre nye medlemmar.