Viken og Besøkstensta lagar julefest julaftan

– Dette skal bli ei fin fering for alle

Julefeiring: Hans Jørgen Viken og Røde Kors Besøkstenesta inviterer til julefeiring på julaftan. 

Sjølv opplever eg det å sjå auga til dei som ikkje har lyst til å vere åleine på ein slik dag som givande

Hans Jørgen Viken
Nyheiter

– Å kome til oss på Røde Kors-huset julaftan skal vere ein heilt naturleg ting å gjere. Dette er for ørstingar, ja for alle.

Det seier Hans Jørgen Viken. Både i 2012 og 2013 inviterte han på julemiddag for einslege. Første året var dei samla på Bakk-Ola-marka og andre året i flatsalen på Ørsta kulturhus. No samarbeider Viken med Røde Kors Ørsta Besøkstenesta, og saman arrangerte dei julefeiring i lokala til Røde Kors i Strandgata i fjor. Allereie har Viken fått fleire spørsmål om det vert ny julefeiring i år, og det blir det.

– Om det er eit sambuarpar med ungar eller om det er nokon einslege så er alle like velkomen til å ta del. Sjølv opplever eg det å sjå auga til dei som ikkje har lyst til å vere åleine på ein slik dag som givande. Sjølv om du ikkje føler behovet for å vere med så kan det at du blir med løfte dagen til nokon andre, seier Viken.

Som i fjor vert det ordna med transport til og frå feiringa for dei som har behov for det.

Ope i fem timar

På menyen står tradisjonell julemat, og det vert servert både pinnekjøt og ribbe med tilbehøyr og dessert. Dørene opnar klokka 15.00, og julefeiringa vert open i fem timar.

– Middagen blir servert klokka fem. Dette skal bli ei fin fering for alle, og kanskje blir det ei lite overrasking. Dei som kjem er dei som skapar arrangementet.

Butikkane og næringslivet stiller opp slik at arrangementet er gratis for dei som ønsker å ta del.

– Ta kontakt

Viken vil at dei som ønsker å vere med melder seg på. Spørsmål kan rettast til Viken på telefonnummer 984 65 883.