Gjev lånegarantiar for 15 mill trass krisetider

Ørsta formannskap delte ut lånegarantiar.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Trass klar fråråding frå rådmannen, seier Ørsta formannskap ja til lånegarantiar på vel femten millionar kroner til hesteanlegg på Mosflata og ny kunstgrasbane i Hovdebygda.

Garantiane går til Ørsta Hest AS og Hovdebygda IL, og vert gjeldande i tjue år framover, eventuelt kortare om ein klarer å betale ned gjelda raskt.

Det er nystarta Ørsta Hest AS – med ein startkapital på 30.000 – som skal ta opp 9,4 millionar til bygging av ridehall som eit første byggesteg i eit hestesportsanlegg på Mosflata.

Rådmannen skreiv i si tilråding at Ørsta kommune ikkje bør ikkje stille garanti, og vidare: «Der ein risiko for at garantien vert gjort gjeldande. Grunna kommunen sin økonomiske situasjon vil dette kunne føre til store konsekvensar for kommunen si drift.»

Men politikarane i formannskapet var usamde, gav garanti – og viste til at Ørsta kommune hittil – med unntak av eitt tilfelle – har måtta løyse inn slike garantiar.

Etter ridebane-saka var det tid for handsaming av Hovdebygda IL sin søknad om lånegaranti. Dei ynskjer å byggje seg ny kunstgrasbane til 5,8 millionar kroner, og har altså søkt om kommunal lånegaranti.

Også her sa rådmannen nei, men politikarane ja. Som Hans Olav Myklebust uttrykte det:

-Vi må gjere som i førre sak.