Black Friday

Frank Rune fekk gjere storhandel i fred i gryotta

-Takk for handelen! Frank Rune Bakkom frå Vanylven gjorde kjøleskapkupp hos Elias Ulstein på Elkjøp Furene.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

-Eg stod opp i gryotta og køyrde frå Fiskå, for eg tenkte her ville bli kø, fortel Frank Rune Bakkom medan han får hjelp frå butikkmedarbeidar Elias Ulstein på Elkjøp Furene til å buksere eit nytt, gedigent kjøleskap på bilhengaren.