Dette er den nye meierisjefen i Ørsta

Hans Petter Almenning Eldevik   Foto: TINE

Nyheiter

Hans Petter Almenning Eldevik (38 år) er tilsett som ny meierisjef på TINE Meieriet Ørsta. Han startar 1. januar 2020, går det fram av ei pressemelding frå TINE.

Hans Petter Almenning Eldevik kjem frå ei stilling i Nordvestvinduet AS der han har vore LEAN-ansvarleg/forbetringsleiar sidan 2016 og han er også styremedlem i selskapet. Han har erfaring frå TINE, og har jobba som prosjektleiar på meieriet på Byrkjelo og som kvalitetsleiar og produksjonsleiar på meieriet i Vik. Hans Petter er utdanna næringsmiddelteknolog frå HIST, og var ferdig der i 2005.