Arbeidsløysa kraftig ned i Volda

Det er stabile tal for arbeidsløysa i Møre og Romsdal. Men i Volda har det vore eit kraftig fall.
Nyheiter

I november er 2.619 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 1,9 prosent av arbeidsstokken. Det er ein nedgang i arbeidsløysa på 12,8 prosent, samanlikna med same månad i fjor. I landet er 59.457 registrert som heilt ledige. Det utgjer 2,1 prosent av arbeidsstokken, ein nedgang på 4,8 prosent.

– Når vi korrigerer for normale sesongvariasjonar ser vi at arbeidsløysa i Møre og Romsdal har vore stabil den siste månaden, med ni fleire registrert som heilt ledige. Dette er tilnærma lik utviklinga i resten av landet, seier direktør Stein Veland.

– I november 2019 har vi 908 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 44 fleire enn i november 2018. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3 527 personar i vårt fylke, avsluttar Veland.

I Ørsta var det ved utgangen av november 104 personar heilt utan arbeid, Av desse var 70 menn og 34 kvinner. Det utgjer 1,8 prosent av arbeidsstyrken. I løpet av d\den siste månaden har arbeidsløysetala auka med to personar, medan det har vore ein nedgang på 10 personar sidan utgangen av november i fjor.

I Volda har det vore eit kraftig fall i arbeidsløysa siste månaden. Det er heile 21 færre utan arbeid ved utgangen av november, enn kva det var ved utgangen av oktober. Det er 80 personar heilt utan arbeid i Volda kommune ved utgangen av november. Av desse er 57 menn og 23 kvinner. Det utgjer i alt 1,7 prosent av arbeidsstyrken. Det er altså 21 færre ledige enn for ein månad sidan, og det er to færre enn ved utgangen av november i fjor.