Skal fornye møllesteinane - har stått ubrukt i eit år

350 000 til Mylnå i Volda

Mylnå i Volda. 

Nyheiter

Styret i Kulturminnefondet har fatta vedtak om tilsegn på 350 000 kroner til Mylnå i Volda.

Nyhenda vart presentert på ein pressekonferanse fredag.

Pengane skal gå til møllesteinane til havrekverna som no skal fornyast. Og tilskotet skal gå til arbeidet med å støype nytt slitelag på tre møllesteinar.

I over eit år har derfor havrekverna stått ubrukt.

Mylnå er den siste bygdemølle som driv med kommersiell matproduksjon med møllesteinar, platetørkar, valsestol og skallmaskin ifrå 1930-talet. Her tek dei aktivt vare på gammalt handverk og tradisjonar i produksjonen av ulike mjøltypar.

– Det er prisverdig at møllesteinane nå vert sett i stand, for så å bli teke i bruk til næringsverksamhet samtidig som gamle tradisjonar bevarast.» seier Tine Sundtoft, styreleiar ved Kulturminnefondet.

Kulturminnefondet har tidlegare gjeve tilskot til Mylnå. Fyrst til arbeide med mølleanlegget med kroner 500 000, deretter vart det gjeve tilsegn om tilskot til tekking av tak på 217 000 kroner.

Nyleg vart Mylnå godkjent som Économusée, eit internasjonalt nettverk kor handverksbedrifter er tilrettelagt slik at besøkande får sjå handverkarane i arbeid med produksjon og produkt.