Sagafjord blir "Classic Norway Hotel"

Sagafjord Hotel blir ein del av hotellkjeda Classic Norway Hotels frå 1. januar 2020

Hotellet på Sæbø blir eit "Classic Norway Hotel"  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Det skriv Sunnmørsposten.

– Ifølge strategien til hotellkjeda var ikkje eit nytt hotell i Møre og Romsdal ein del av planen, men når et ikon i Hjørundfjorden blir tilgjengeleg må vi gjere et unnatak, skriv hotellkjeda Classic Norway Hotels i ei pressemelding.

Hotellkjeda meiner hotellet på Sæbø passar inn i deira profil, der natur, kultur og historie er grunnfundamentet.

"Beliggenheten i naturskjønne omgivelser i Hjørundfjorden, fokus på god mat og drikke, samt en sentral rolle i satsingen på aktivitetsturisme gjør at hotellet har god grunnplanke for å bli et fyrtårn i reiselivet i Møre og Romsdal", skriv hotellkjeda i pressemeldinga.

Sagafjord Hotel går inn i kjeda på franchisebasis, med dei gamle eigarane.