Rosa Ørsta for pasientarbeidet i helsetenesta

helseteam: F.v. Seksjonsleiar omsorg og sjukeheim Inger Liadal, lege på Ørstaheimen Linda Gramshaug Fonseca, rådgjevar Wenche Flo frå tildelingskontoret, einingsleiar for korttidsavdelinga Dagrun Opsal og sjukepleiar og einingsleiar for dagtilbodet på Ørstaheimen, Sylvi Romestrand. 

Våre brukarar har vorte eit felles ansvar. Det er det vi har lykkast best med

Sylvi Romestrand
Nyheiter

– Vi har fått oss nokre aha-opplevingar når vi har stilt spørsmålet «Kva er viktig for deg?», for det er ikkje alltid at det vi trur er viktig, er det same som det pasienten ønskjer. Når vi veit, kan vi lettare gi rett hjelp.