Må tilføre helse og velferd 9 millionar kroner

Seksjonen for helse- og velferdstenester i Ørsta kommune må tilførast ni millionar kroner.

Vallamarka: Drifta av Vallamarka har kosta 2,6 millionar kroner meir enn budsjettert. 

Nyheiter

Tertialrapporten til Ørsta kommune synte eit meirforbruk i seksjonen for helse og velferd på over ni millionar kroner. Dette er kostnader som seksjonen ikkje er i stand til å dekkje innanfor eige budsjett.

Difor rår rådmannen til at seksjonen vert tilført ni millionar kroner ekstra. Det er levekårsutvalet som skal handsame saka fyrst.

Rådmannen foreslår ei dekning på fem millionar kroner frå disposisjonsfondet og fire millionar kroner gjennom finanstransaksjonar.

Når seksjonen for helse og velferd går på sin slik solid sprekk, vert dette av rådmannen forklart med at seksjonen ikkje klarer å ta inn forventa innsparing på 6 millionar kroner som føresett i budsjett 2019. Vidare er det knytt meirkostnader til drift av Vallamarka på 2,6 millionar kroner, auka utgift til økonomisk sosialhjelp på 1 million kroner og etablering av barnebustad på 250.000 kroner til no.

– Utfordringa for denne seksjonen er at budsjettet ikkje tek høgde for nye behov som kjem gjennom året. Seksjonen skal møte nesten alle tenestebehov for brukarar i alle aldrar frå vogge til grav. I tillegg til veksten i tal eldre, og behov som følgje av det, ser ein auke i tenestebehov for yngre brukarar, mellom anna gjennom behov for barnebustad, psykisk helseteneste og BPA tiltak. Kostnadane desse behova har utløyst, har ikkje late seg bake inn i ordinær drift. I budsjettet for 2020 er det gjort justeringar i ramma for seksjonen, og trass store kutt også her, er budsjett 2020 meir realistisk, skriv rådmannen.