Maja-forsvinninga i Ørsta

Kripos meiner det ikkje har skjedd noko kriminelt

Cold Case-gruppa i Kripos trur ikkje det har skjedd noko kriminelt i Maja-saka i Ørsta.

Frå den siste leitinga etter den sakna Maja Herner.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Torsdag kom rapporten til Kripos om forsvinningssaka i Ørsta, og ifølgje NRK Møre og Romsdal, konkluderer Kripos med at det ikkje er haldepunkt for ei straffbar handling.




Meiner tips ikkje vart følgt opp skikkeleg

- Burde leitt meir etter Maja i dette området

 

Cold Case-gruppa har vurdert Maja-saka i haust.

– Dei finn ikkje haldepunkt for at det har vore ei straffbar handling, seier politiadvokat Yngve Skovly til NRK.

Han og andre representantar frå Møre og Romsdal politidistrikt var torsdag i møte med Kripos der dei fekk presentert funna i rapporten.

– Dei meiner at det har blitt gjort ei god og brei etterforsking, seier Skovly.

Politiet i Møre og Romsdal har under etterforskinga av saka arbeidde utifrå teorien om at Maja Herner har forulykka i fjellet. Kripos støttar no dette arbeidet.