Fylkesmannen løyver pengar til ny kai på Skår

Skår 

Nyheiter

Fylkesmannen har tildelt Skår grendalag ved Johan skår inntil 100.000 kroner til utbetring og restaurering av kaia på Skår.

Det er også søkt om pengar til innkjøp og oppsett av informasjonsskilt, men dette er avslått.

Bakgrunnen for søknaden er at Hjørundfjorden og Norangsdalen fekk status som Utvald kulturlandskap i jordbruket i 2018. Dette inneber at området får årlege tildelingar over Landbrukets utviklingsfond (LUF) frå Landbruks- og matdepartementet, og frå Klima- og miljødepartementet sine budsjett.

Rutebåtkaia på Skår er frå 1952 og inngjekk som ein del av det gamle rutebåtnettet i Hjørundfjorden fram til 1966. Grunneigarane har no eit ønskje om å kunne utbetre og restaurere den gamle rutebåtkaia slik at den kan brukast og anløpast i åra framover.

- Søkjar skriv at det er usikkert om den kommunale ferjekaia framleis vil bestå, og uansett kan ikkje mindre båtar og annan trafikk bruke den eller ligge ved den. Viss ferja blir nedlagt, så vil beitedyr kunne takast over rutebåtkaia dersom den blir utbetra og restaurert. Søkjar skriv videre at kulturlandskapet på Skår er heilt unikt og at besøket har teke seg opp dei siste åra, seier fagkoordinator Marianne Aas Halse hos fylkesmannen.

Kostnadsoverslaget for heile arbeidet er sett til 601 000 kroner.

- Bruk- og ferdsel av kaia vil i seg sjølv vere ei oppleving og formidling. Det er også planlagd å setje opp skilt/plakatar med informasjon om kaia si betydning for livet på Skår tidlegare, seier Marianne Aas Halse.