- Furene mellom dei beste i Noreg på arbeidsformidling

Eldor Skeide er adm.dir i Furene As i Volda.  Foto: Sunnmørsposten

Nyheiter

Bedrifta Furene i Volda er ifølgje administrerande direktør Eldor Skeide mellom dei beste i Noreg på arbeidsformidling.

Det går fram av ei pressemelding frå Furene AS.

- Sjølv om arbeidsløysa går ned i vårt område, er det likevel mange som står lenger unna arbeidslivet og treng oppfølging og tilrettelegging for å ta steget over i ordinært arbeid, seier Skeide.

Hittil i år har meir enn 150 personar i vårt distrikt fått arbeid etter oppfølging frå Furene.

- Sju av av 10 som deltek i vår oppfølgingsteneste får jobb eller utdanning. Her er vi mellom dei tre beste i landet. Gjennom AFT (arbeidsførebuande trening) som er eit tiltak for dei som har vore lenge ute av arbeid, har nesten seks av 10 kome i arbeid eller starta utdanning.Resultata skuldast ikkje minst eit næringsliv i vår region som er villig til å opne dørene og gi folk en sjanse, seier Skeide.

- Vi er audmjuke i forhold til det viktige samfunnsoppdraget vi er sett til å forvalte, men blir også litt stolte når vi mottek meldinga om slike gode resultat. Dette er ei stadfesting av det gode arbeidet våre jobbkonsulentar legg ned i samarbeid med NAV og inkluderingsvillige arbeidsgjevarar. Men i kvardagen er det nok dei positive endringane den einskilde opplever, som er den største drivkrafta i arbeidet, seier administrerande direktør Eldor Skeide.

God investering

Den bransjen Furene opererer i formidla i fjor over 10.000 til arbeid.

- Om alle disse hadde gått over på uføretrygd, ville det ha kosta samfunnet over 2,5 milliardar berre i utbetaling til uføretrygd. I tillegg kjem verdiskapinga dei bidreg med. Dette dokumenterer at arbeidsmarknadstiltak er ei god investering og ikkje ein kostnad.

- Det er difor vanskeleg å forstå at i forslaget til statsbudsjett vert satsinga på arbeidsmarknadstiltak redusert med ca. 200 millionar kroner. Grunngjevinga er at arbeidsløysa er låg. Det er ei mager trøyst for dei 60.000 AAP-mottakarane som ventar på å kome i gang med tiltak. Dei er ikkje ein del av den offisielle arbeidsledigheitsstatistikken, fortel Eldor Skeide.


FAKTA

Furene AS er ei av landet sine omlag 115 arbeids- og inkluderingsbedrifter med hovudkontor i Furene Industriområde i Volda, og avdelingar i Ørsta, Myrvåg, Fiskå og Ulsteinvik.

Selskapet vart etablert i 1971. Verksemda er eigd av Norges Handikapforbund, Møre og Romsdal Fylkeskommune og 19 lokale kommunar.

Meir enn 100 personar har til ei kvar tid ei eller anna oppfølging gjennom Furene, dei fleste på oppdrag frå NAV. I tillegg har vi profesjonelle produksjonar som leverer produkt og oppdrag til næringslivet.

Bedrifta har 71 ordinært tilsette. I tillegg har 57 personar på varig tilrettelagt arbeid sin arbeidsplass i Furene. Omsetninga i 2018 kr. 54, 7 mill.