Fekk sprekker i golv

«Viser at det har vore sterke krefter i sving»

Huseigarar spør kommunen om årsaka til skader på eigedomen

Skader i garasje på Rotset.  Foto: privat

Nyheiter

Ein huseigar i Rotsetgeila i Volda lurer på om arbeid i regi av kommunen har påført eigedomen hans skader. Han har sendt kommunen eit bilete av golvet på ei garasje, der det har oppstått markerte sprekker.

I golvet har det blitt ei tydeleg sprekke   Foto: privat

Han fortel at naboane var heime på dagtid måndag 18. november, og at dei høyrde sterk støy.

–Nabo fortel at dei merka tydelege ristingar i huset. I ettertid har vi konstatert sprekkdannelser i sementgolv tvers over vår felles dobbel-garasje. Desse sprekkene har oppstått samla, ikkje over tid, og viser at det har vore sterke krefter i sving, skriv huseigar i eit brev til kommunen.

–Vi meiner at Volda kommune bør kjenne til desse skadane, då det har føregått rivings- og byggjearbeid i nærområde som høyrer inn under kommunen si forvaltning. Vi ynskjer informasjon om kva slags arbeid som har vore utført, sidan det innebar sterke ristingar i vårt bustadhus, skriv huseigaren.