«Betre stad for masseuttak finn vi ikkje»

Det er planlagt masseuttak i Flåvika, noko formannskapet er glade for.  Foto: Google maps.

Nyheiter

-Dette er ei sak eg har venta på. Nokon betre stad for masseuttak enn Flåvika finn vi vel ikkje, sa ordførar Stein Aam då Ørsta formannskap handsama initiativet til å opparbeide reguleringsplan for masseuttak i Flåvika.

Formannskapet meiner det burde vore gjennomført ei overordna vurdering av lokalisering avmasseuttak og innarbeidd i ein oppdatert kommuneplanen sin arealplan. Formannskapet vurderer likevel at det kan vere eit lågare konfliktnivå om det vert opna for eit masseuttak idette området samanlikna med andre kjende alternativ.

Hans Olav Myklebust (Frp) meinte til liks med ordføraren at dette er ei god sak:

-Vi er avhengige av stein og masse skal vi få bygd noko som helst, og det er noko som ikkje stemmer når vi i vårt distrikt får køyrt lastebillass heilt frå Stryn. Miljøvenleg er det heller ikkje. Er det noko som bør vere kortreist, så er det stein!

Per Ivar Lied (Sp) påpeika at fylkeskommunen har kome med motsegn, sidan eit uttak her kan gå ut over fire dekar overflatedyrka mark på oppsida av vegen.

-Det går over alle støvleskaft når dette skal føre til ei motsegn frå fylket, når det er så klare og positive lokale signal som her.

Per Are Sørheim (H) meiner også at eit uttak i Flåvika er ein god ide.

-Men vi bør sjå heilskapen og få ein overordna plan over masseuttak. Sjå på Klubben: Der er eit ope sår i naturen. Det kan ikkje liggje slik. Og det er mange slike sår i landskapet rundt om i kommunen og distriktet. Eg ventar at vi får ei sak om overordna plan, sa Sørheim.