"Vil bety ei rasering av skuletilbodet i vårt distrikt, Søre-Sunnmøre"

Utdanningsforbundet med sterk åtvaring mot kutt i vidaregåande skule (debattinnlegg)

Lærarane mobiliserte på Volda vidaregåande måndag ettermiddag.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Tysdag 05.11.19 kom fylkesadministrasjonen sitt forslag til «Omstilling 2020» og vi i nettverk 1 i Utdanningsforbundet ser med stor bekymring på dette framlegget som vil bety ei rasering av skuletilbodet i vårt distrikt, søre Sunnmøre. I forslaget til innsparing er det framlegg om å legge ned ei rad tilbod ved dei vidaregåande skulane i regionen søre Sunnmøre. Dette er skuletilbod som regionen treng.

Dagens skulestruktur gjev elevane moglegheit til å bu heime, og statistikk syner at nesten samtlege vel tilbod nær heimen. Stor avstand og lang reisetid mellom indre og ytre del av søre Sunnmøre gjer at elevane søker seg skuleplass lokalt og der er svært lite utveksling mellom indre og ytre. Når tilbodet av skuleplassar vert mindre vil det skape vanskar for dei som ikkje kjem inn på den næraste skulen. Dei har då ikkje anna alternativ enn å pendle, noko som ikkje let seg gjere dersom du bur i utkantane og må pendle forbi nærskulen din. Dermed vil dei fleste av desse elevane bli hybelbuarar.

Elevane som ikkje får gå på nærskulen vil vere dei med det lågaste karakternivået og dermed sannsynlegvis dei som har mest behov for tilbod i nærområdet. Vi veit av erfaring at elevar som bur på hybel har større fråfallsprosent og då særlig om dei i tillegg ikkje er motiverte for det fagområdet dei har kome inn på. Såleis vil dette forslaget føre til særs stor auke i fråfallsstatistikken stikk i strid med fylkeskommunale og nasjonale mål.

Vi ser det som avgjerande at skulane beheld eit like bredt fagtilbod som i dag og nok skuleplassar til å dekke behovet i sitt lokalområde. I Møre og Romsdal fylke har vi, samanlikna med andre fylker, hatt høg gjennomføringsprosent. Vi er uroa for om den høge graden av gjennomføring let seg halde oppe dersom vifta av fagtilbod blir redusert, talet på elevplassar i regionen går ned og elevar i større grad enn i dag kjem inn på andre og tredje ynskje sitt.

Dersom forslaget til vedtak i Omstilling 2020 får stå som det er no og fylkeskommunen vil unngå å sende store mengder ungdommar på hybel, er alternativet at dei opprettar ekstraklassar innan dei gjenværande studietilboda (som då vil ha stor oversøking) ved nærskulane. Dette er klasser som kostar om lag det same som dei som no vert føreslegne nedlagde og såleis går vinninga opp i spinninga. Det er og klasser som samfunnet gjerne ikkje treng og der det vil såleis vere vanskelig få alle elevane vidare og ut i arbeid.

Konklusjonen er med andre ord at fylkeskommunen med sitt forslag (forutsatt at dei vil unngå mange fleire hybelbuarar og auka fråfall) berre vil oppnå å føre ein dårlig personalpolitikk der dei først må kvitte seg med tilsette innan eit fagområde for så å måtte tilsette fleire på eit anna.

Utdanningsforbundet Ørsta, Volda, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven og Hareid.