Fredric Holen Bjørdal i Stortinget

Til åtak på «Nikkers-Høgre»

Fredric Holen Bjørdal (Ap) brukte finansdebatten i Stortinget til å gå til åtak på Høgre si framstilling av distrikta.

Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal fleska til mot Høgre i finansdebatten  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Stortingsrepresentanten frå Ørsta innleidde med å påstå at Høgre-folk tenkjer på distrikts-Noreg som «eit sett med postkortmotiv». Og at den typiske mannen eller kvinna frå distrikta er ein som sel garden til hyttetomter, og jobbar som vaktmeister på hyttefelta.

– Nei, det er reisemontøren på Brunvoll i Volda, som står med allvêrsjakka på ein flyplass rundt om i verda og sjekkar inn verktøyet sitt, som er den typiske. Det er fagarbeidaren på Ekornes i Sykkylven, som ved hjelp av høgteknologiske robotar byggjer møblar for eksport til Kina og USA. Og det er røktaren på Nekton på Smøla, som oppdrettar rogn, smolt og slakteferdig laks for sal over heile verda, sa Holen Bjørdal.

Han brukte omgrepet «Nikkers-Høgre», og sa at Høgre er «eit særinteresseparti for rikfolk, vil aldri få truverd i distriktspolitikken, fordi dei ikkje forstår følgjande samanhengar.»

– Det er ikkje umoderne å bu i distrikta, tvert om er det umoderne å sjå på distrikta som noko andrerangs. Distrikta treng ikkje almisser frå Oslo, men ein aktiv næringspolitikk for å bygge vidare på all kreativiteten og utviklinga som allereie skjer. Det desentraliserte Noreg er ei suksesshistorie – ikkje ein utgiftspost på statsbudsjettet, men tvert om grunnlaget for vår verdiskaping, velstand og nasjonale identitet.

Holen Bjørdal sa at Arbeidarpartiet foreslår ei markant styrking av budsjetta for fleire tenester i distrikta, slik som jordmorteneste i kommunar, ferjedrift, politi- og domstolar og reistelivsatsing.

-I kontrast til Arbeidarpartiets si distriktssatsing, ser vi ei høgreregjering som har starta ei sveltefôring av kommunar og fylke, sa Fredric Holen Bjørdal i finansdebatten.