Vestsida av Voldsfjorden

Protest mot takstsjokk

Ferjekaia på Lauvstad. 

Nyheiter

Grendelaga på Rovde, Lauvstad Velsvik, Dravlaus og Innselset seier dei "på ingen måte kan gå med på ei ytterlegare auke i takstsone".

Sambanda Årvik-Koparnes og Lauvstad- Volda har hatt i ein periode hatt to takstsoner over det som er normalt i høve til lenga på ferjestrekningane. No er det forslag om å auke billettprisane med endå ei takstsone.

– Det er ikkje berekraftig å skubbe auka kostnader over på distrikta. Dette gjeld kvardagen til mannen i gata og i endå større grad verdiskapinga som skjer i regionen vår, skriv Rovde grendelag, Lauvstad og Velsvik grendeutval og Dravlaus og Innselset grendelag i eit protestbrev til administrasjon og politikarar i Møre og Romsdal fylkeskommune.