Festøya-Solavågen i normal drift att

Nyheiter

Ei reserveferje var på veg, men Fjord 1 har no løyst dei tekniske problema på ei av ferjene på strekninga Festøya-Solavågen.Sambandet har no normal kapasitet og frekvens, skriv Sunnmørsposten.

Onsdag morgon melde Fjord 1 om dei tekniske feila på sambandet Festøya – Solavågen. Som følge av dette har B-ruta vore innstilt frå klokka 06.55. Feilen oppstod tysdag kveld.

Det var ein løftesylinder på ferja som hadde knekt av.