Festøya-Solavågen

Berre ei ferje i heile dag

Redusert samband Festøya-Solavågen  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Det tek tid å få utbetra feilen som har sett ut B-ferja på Festøya-Solavågen onsdag.

Fjord1 skriv på sine heimesider: "Rute 11 Festøya - Solavågen: På grunn av teknisk feil er B - ruta frå kl 06:55 og inntil vidare innstilt."

Også i går kveld var det tekniske problem med ei av ferjene i sambandet.

Det er ein løftesylinder på ferja som har knekt av.

Regionleiar i Fjord 1, Jan Petter Jagedal Thomsen, fortalte til Sunnmørsposten klokka 15.05 at dei framleis jobbar med å få ferja tilbake i drift. Han kunne per då ikkje svare på kor nære dei er.