– Vi ønskjer å slå eit slag for alle som handlar lokalt, og lagar julekalender som takk

Handelsnæringa i sentrum lagar julekalender med premiar kvar dag i adventstida.

Julekalender: Representantar for handelsnæringa i sentrum. Marknadskoordinator ved Alti, Vilde Grevsnes Flem, Anne Elin Brautaset frå Fru Svendsen kunst- og kulturkafe og Marianne Helseth frå Fasaden.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Marknadskoordinator ved kjøpesenteret Alti, Vilde Grevsnes Flem, Anne Elin Brautaset frå Fru Svendsen kunst- og kulturkafe og Marianne Helseth frå Fasaden er inne i årets travlaste tid. Det er høgsesong for julegåver, og dei som har vore tidleg ute med gåvene i år, kan kanskje angre seg litt no.

– Heile adventstida vil vi ha trekningar av flotte premiar levert av butikkane i sentrum, for dei som har handla i sentrum. Heile sentrum står samla om dette. Vi løftar i lag, og ønskjer å vise at vi set ekstra pris på alle dei som vel å handle i dei lokale butikkane no før jul.

Å ta vare på Ørsta sentrum som eit levande sentrum med mykje folk og mange butikkar, står øvst på ønskelista til handelsnæringa. Difor lagar dei no julekalender, og fører med det tråden vidare frå lysfesten dei arrangerte tidlegare i november.

Stemning: Å ta vare på Ørsta sentrum som eit levande sentrum med mykje folk og mange butikkar, står øvst på ønskelista til handelsnæringa. Dei inviterer til julekalender for dei handlande, og fører med det tråden vidare frå lysfesten dei arrangerte tidlegare i november.   Foto: Roy-Arne Folkestad

– Det var utruleg kjekt, og svært vellykka. Det er slik vi vil ha det. Mykje folk og god stemning i sentrum, seier Marianne Helseth.

Alle som handlar i sentrumsbutikkane i adventstida, og då er det snakk om heile sentrum, kan skrive namn og telefonnummer på kvitteringa. Både på Alti og på Ørsta Torg vil det vere plassert ut ei stor boks der kundane kan legge kvitteringane. Mot slutten av dagen vert alle kvitteringane samla, og det vert gjort ei trekning av ein – eller fleire – vinnarar.

– Vinnarar og andre opplysningar vert annonsert på eit Facebook-arrangement som vi kallar «Julekalender med sentrumsbutikkane». Her kan folk melde seg på og følge med på det som skjer, seier Vilde Grevsnes Flem.

– Dette er ein vinn-vinn for alle, seier Anne Elin Brautaset.

– Butikkane som leverer premiane får god reklame. Butikkane det er handla i får god reklame og det er ei ekstra takk til alle som vel å handle lokalt. Dette skal bygge opp under fellestanken vi har om sentrum. Vi treng kvarandre, og vi treng kundane våre. Vi håper mange vil vere med!