Fylkesmannen si miljøavdeling på besøk hos Steinsvik Olivine:

«Eg har absolutt ingenting å skjule»

Ein munter olivin-sjef Robert Welsvik ynskte kommunen og Fylkesmannen sine utsendingar velkomne. Dei andre er f.v.: Erlend Vikestrand, Geir Moen og Magnus Tornes.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

-Velkomne skal de vere. Det er berre å spørje, sjå seg om og fotografere alt de kan. Eg har ingenting å skjule, forsikra Robert Welsvik då han i dag tok imot Magnus Tornes og Geir Moen frå Fylkesmannen si miljøavdeling på Steinsvik Olivine sitt anlegg i Dalsfjorden.