- Heilt nye opplysingar for oss

Set i gang ny leiting etter Maja

Ørsta Røde Kors organiserer ny leiting etter Maja.

Skytjeådalen: Kan dette ha vore returruta for Maja Herner? Den raude sirkelen markerer området med unormal ramneaktivitet i desember/januar. Vikeskåla, der mesteparten av leiteinnsatsen har vore, ligg til venstre for Vallahornet.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Bakgrunnen er opplysingar i ein artikkel som Møre-Nytt publiserte tysdag. Her fortel Lars Egil Foldal på Vallabøen at han tipsa politiet om unormal ramneaktivitet i eit område aust for Skytjeåa på Engeset i desember i fjor. I dette området har det vore mykje mindre leiteinnsats enn ved Vikeskåla. Foldal meiner tipset ikkje vart følgt opp skikkeleg.