Satsar på helseindustri i Ørsta

Innovasjon Norge støttar legemiddelutviklinga til Arctic Nutritions med 14 millionar kroner. Målet er å byggje ny helseindustri i Ørsta.
Nyheiter

Innovasjon Norge har gitt tilsegn om 14 millionar kroner i støtte til å utvikle produksjonsprosessen for legemiddel i samsvar med internasjonal standard for legemiddelproduksjon. Prosessutviklinga kostar totalt mellom 35 og 40 millionar kroner, og vert gjennomført saman med det franske selskapet Corden Pharma, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.