Vass- og kloakkavgiftene skal auke med fire prosent

Det vert føreslege ein auke i vass- og kloakkavgiftene i Ørsta med fire prosent.

Vatn og kloakk: Det vert foreslått ein auke på fire prosent i vass- og kloakkavgiftene for 2020. 

Nyheiter

Dette gjeld dei som er tilknytte den kommunale vassforsyninga og det kommunale avløpsnettet.

Gebyra vert rekna utifrå sjølvkostprinsippet der drift og investering skal vere sjølvfinansieriende.

– Ørsta kommune har i nasjonal samanheng låge kostnader med tenesteområdet vatn og avløp. Målet må vere at aktiviteten er på eit nivå som stoggar forfall og sikrar gode tenester for innbyggarane i kommunen som er abonnentar, heiter det i saksutgreiinga frå rådmannen.

Rådmannen påpeikar at hovudutfordring for område vatn er lekkasje og tap, mens for avløp er transport av anna vatn enn kloakk eit problem.

– Begge tenesteområda er til dels sårbare for svikt som gir uønskte kostnadar og til dels svekka beredskap for kommunen. Det er derfor viktig med kontinuitet i arbeidet. For vatn og avløp er det anbefalt ein auke på 4 % frå 2019 til året 2020, heiter det i utgreiinga.

Det vert ingen auke i tilknytingsgebrya.

rune sæbønes