Ingen kandidatar, næringsprisen vert dobla

Ved fristen hadde ikkje Ørsta kommune motteke framlegg til kven som bør få næringsprisen for i år.

Vil doble: Rådmann Wenche Solheim vil doble næringsprisen til 20.000 kroner. 

Nyheiter

No vil rådmannen doble pengebeløpet som følgjer næringsprisen, frå 10.000 til 20.000 kroner. Men det er ikkje fordi det ikkje er foreslått kandidatar. Alle dei kommunale prisane er nemleg på 20.000 kroner, medan næringsprisen fram til no har vore på 10.000.

– Statuttane for næringsprisen har ikkje vore endra sidan 1993, difor er heller ikkje storleiken på pengegåva endra, seier rådmannen i ei tilråding til formannskapet.

Ho viser til at både arbeidsmiljøprisen, kulturprisen og prisen for årets eldsjel har 20.000 i pengegåve.

I statuttane for næringsprisen står det ikkje noko om at det skal delast ut meir enn ei pengegåve, difor rår rådmannen formannskapet å gi ein diplom i ramme til prisvinnar i staden for eit bilde.

Det er formannskapet som står for tildeling av næringsprisen. Føremålet med prisen er å gi honnør til ein einskildperson, verksemd eller organisasjon som siste året har gjort ein ekstra innsats for å fremje næringslivet i Ørsta.


Roy-Arne Folkestad