Fylkeskommunen kan fjerne 50/50-midlane

50/50: Fleire prosjekt har vorte finansiert med 50/50-midlar, som gangveg i Åmdalen. 

Nyheiter

Ørsta kommune er mellom dei kommunane som hyppig har nytta seg av såkalla 50/50 midlar til finansiering av m.a. gang- og sykkelvegar langs fylkesvegar. No vert ordninga foreslått kutta.

– Det har ingen direkte konsekvens på drift av eige vegnett, men vil ta frå kommunane ei støtteordning til gang- og sykkelvegar langs det gamle fylkesvegnettet, heiter det i budsjettkommentaren til samferdselssjef Arild Fuglset.