Hjelpekorpset klar med kalender

Ørsta Røde Kors, hjelpekorps, er klar med årets adventskalender.

Tradisjon: Roar Gjerde ( korpsleiar), Hege Alsaker Flø ( adm leiar) og Øystein Øye Bjørdal ( NK Korpsleiar) er klar for sal. 

Nyheiter

Kalenderen er hjelpekorpset si viktigaste inntektskjelde. I år er det svært viktig at vi klarer å selje alle kalendrane våre, då vi har mista inntekta frå drifta av tryggheitsalarmane etter snart 30 år med drift av dette, fortel Roar Gjerde i hjelpekorpset.

Han og hjelpekorpset rettar ei takk til bedrifter i Ørsta for annonsestøtte.

– Det betyr mykje for oss. Alle inntekter frå kalendersalet går med på å drifte hjelpekorpset slik at vi kan vere ein god og robust beredskapsorganisasjon som skal vere der om du skulle trenge hjelp. Vi treng støtta di for at vi skal kunne drive hjelpekorpset.

I 2018 vart alle kalendrane selde ut, og hjelpekorpset håper på det same i år.