Ørsta bondelag kritisk til fritak

Ørsta bondelag er svært uroa over at landbruksnemnda gir fritak for tiårsavtalar for leige av jord.

Jord: – Ørsta har mange med leigejord. Dette er svært uheldig då det skaper uvisse for den enkelte brukar, seier Geir Hole. 

Nyheiter

I eit brev til landbruksnemnda skriv leiar i Ørsta bondelag, Geir Hole, at bondelaget fryktar ei utholing av jordlova sin intensjon om at bortleige av jordbruksareal skal vere med avtale på minst 10 år. Bakgrunnen for utspelet er at landbruksnemnda nyleg har gitt Per Helge Kvistad fritak for ein leigeavtale på ti år og grunngir dette med livssituasjonen til grunneigaren.

– Bondelaget er uroa over dette vedtaket kan få følgjer for seinare vedtak. Bondelaget veit at det i Ørsta er mange eigarar av jordbruksareal som er i same livssituasjon og som vurderer å overdrage/selje bruk og som difor kan bruke same argumentasjon for kortare leigeavtale enn lova krev, skriv Hole.