Seier ja til do på Urke

Landbruks- og kultursjefen rår landbruksnemnda til å seie ja til toalett på Urke.
Nyheiter

Det er Urke utvikling AS som har søkt om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for å få realisert eit nærmiljøanlegg med toalett og andre funksjonar for turistar på Urke.

Bygget er plassert ovanfor Kaihuset på Urke. Området bygget er plassert på er i kommuneplanen frå 1991 lagt ut som område for «Urke fritidsgrend» – byggeområde med krav til reguleringsplan.

Området skal såleis ikkje handsamast etter jordlova, sjølv om det i dag er utleigd til jordbruksføremål.

Både fylkeskommunen og fylkesmannen har kome med uttale til søknaden. Begge peikar på at tomta ligg innanfor kjerneområde landbruk og at Hjørundfjorden og Norangsdalen er utvald kulturlandskap (UKL). Dei skriv at det er viktig at minst mogleg dyrkajord går tapt.

Landbrukssjefen viser til at Urke siste åra hatt auka tilstrøyming av turistar, gjennom besøk frå hurtigruta, og dei tilretteleggingane som har vorte gjort med rås mot Saksa og andre fjell.

– Turistane frå hurtigruta kjem på land ved Kaihuset, og det er forståeleg at det er ynske om og behov for sanitæranlegg i dette området. Arealet ned mot sjøen er stort sett dyrkajord, slik at det kan vere vanskeleg å unngå noko omdisponering. Ein må rekne med at det i praksis vert omdisponert meir areal enn til sjølve bygget. Det beste hadde vore om ein såg bruken av heile dette området under eitt, og ev. utarbeider reguleringsplan, der det også kan vurderast om noko av arealet bør fortsetje å vere jordbruk. Eg vil likevel ikkje tilrå å gå imot dispensasjon for dette bygget, men det må plasserast slik at minst mogleg jordbruksareal går tapt. kommenterer landbrukssjefen.