No vert han pensjonist etter 40 år i politiet

Guttorm Hagen går av som lensmann, og vert pensjonist. Han har vore førti år i politiet.
Nyheiter

Han starta som lensmannsbetjentaspirant ved lensmannskontoret i Rauma hausten 1979, og etter gjennomført politiskule var han lensmannsbetjent i Eid fram til 1984. Då vende ørstingen tilbake til heimbygda og vart lensmannsbetjent i Ørsta, heiter det i ei pressemelding frå politiet.

I 2005 vart han tilsett som lensmann i Ørsta, og i 2013 tilsett som lensmann i Volda og Ørsta. Frå 2017 vart han lensmann i nyskapinga Indre Sunnmøre lensmannsdistrikt, som i tillegg til Volda og Ørsta også femner om Stranda og Sykkylven. Sidan 2005 har Hagen vore driftseiningsleiar og medlem av politimeisterens leiargruppe.

61-åringen kan no sjå tilbake på ei politikarriere prega av ei rivande utvikling både når det gjeld teknologi og kommunikasjonar.

– Eit vegskifte vart nådd i 2008 med opninga av Eiksundsambandet, som knytte Søre Sunnmøre meir saman. Frå 2014 vart vaktsamarbeidet vidareutvikla og politiet kunne innføre døgnkontinuerleg patruljeteneste styrt av operasjonssentralen i Ålesund. Dei siste restar av heimevakt var historie, seier han sjølv.

Politiet har fått betre kompetanse, utstyr og materiell og tenesta er i dag moderne.

Samfunnsberedskap har alltid vore hjartebarnet til Guttorm Hagen.

– Eg er svært glad for at vi har greidd å utvikle eit godt samarbeid med dei frivillige organisasjonane og kommunane i ei velfungerande eining, seier han. Ørsta Røde Kors, Volda Røde Kors, Norske Redningshunder og Sunnmøre Alpine Redningsgruppe har vore gode støttespelarar i leite- og redningsaksjonar, seier Hagen, som allereie har slutta som lensmann.