Økonomiplanen i Volda

Vil auke eigedomsskatten og leggje ned Austefjord skule og barnehage

Auke i eigedomsskatten til fire promille innan 2023, og nedlegging av Austefjord skule og barnehage, er nokre av tiltaka som rådmann Rune Sjurgard foreslår i budsjettet for Volda kommune i 2020 og økonomiplanen for 2020–2023.
Nyheiter

Rådmannen vedgår i ei pressemelding at det er med tungt hjarte han legg fram forslaget til budsjett og økonomiplan, og han etterlyser gulrøtene frå regjeringa til dei kommunane som vedtok kommunesamanslåingar.

– År 2020 vil verte ein historisk milepåle, der «nye» Volda kommune omsider skal verte sett i drift. År 2020 vil samstundes verte eit år med krevjande, økonomiske prioriteringar. Samanlikna med i fjor får kommunesektoren om lag 3,8 mrd. lågare vekst i frie inntekter, som er til dømes skatt og statlege rammetilskot, seier Sjurgard i pressemeldinga.

Sjølv om Volda kommune i 2020 får ein vekst på 15,2 mill., er ikkje dette nok til å dekkje lønsveksten. Inntektene til flyktningar går ned med om lag 20 mill. siste to åra, avdragsutgiftene aukar og utgifter innanfor rettigheitsbaserte tenester innanfor oppvekst og pleie- og omsorg aukar.

– Mange av samanslåingskommunane melder at dei ikkje ser att gulrøtene som staten lokka med i kommunereforma. Samanslåinga vil gi økonomiske synergiar, men det vil ta nokre år før ein får full effekt, seier rådmann Rune Sjurgard.

Må kutte 46,6 millionar

I løpet av det neste kalenderåret må kommunen redusere utgifter med 10,2 mill. Innan utgangen av 2023 må det kuttast utgifter på totalt 46,6 mill. Det er noko rådmannen helst skulle ha unngått.

– Det er svært lite ynskeleg å starte ein ny kommune med å foreslå kutt. Dette vil ramme mange og det skapar svært store utfordringar. Det går tungt inn på meg at vi må foreslå dramatiske tiltak for å ha balanse i økonomien, seier Sjurgard.

– Kva dramatiske tiltak må kommunen potensielt gjere for å oppnå balanse?

– Dersom kutta i hovudsak skal takast på nedbemanning, utgjer det 40 årsverk i løpet av dei komande fire åra. Det mest dramatiske vil vere at tilsette vil måtte seiast opp dersom vi ikkje vi ikkje greier nedbemanninga ved naturleg avgang.

Rådmannen teiknar eit bilete av at kommunen som organisasjon har vorte ganske komplisert. Frå utsida kan ein kanskje ha inntrykk av at ein kommune har pengar til det den ynskjer. Slik er ikkje realiteten, ifølgje Sjurgard.

Tunge økonomiske tak ventar på Volda rådhus.  Foto: Rune Sæbønes

– Vi må leggje opp aktivitetsnivået utifrå kva inntekter kommunen har. Mange spør kvifor ikkje staten kan overføre meir pengar når vi har eit oljefond på 10.000 mrd. Den enkle forklaringa er at vi har ein kunstig økonomi med om lag 250 mrd. i underskot på fastlandsøkonomien, altså den aktiviteten som går føre seg i Noreg utanom eksport og olje- og gassutvinning.

Budde på stor omstilling

Rådmannen forklarar at Volda kommune som organisasjon må vere innstilte på å gå inn i ei formidabel omstilling dei komande åra for å kunne levere dei lovpålagde tenestene. Det betyr at ein må setje særinteresser til side for å ta i vare heilskapen av kommunalt tenestetilbod.

– Det må flyttast pengar frå barnehage- og skuledrifta med minkande eller stabilt behov til pleie- og omsorgstenestene som har veksande behov. Vi må effektivisere og arbeide på nye måtar for å gjere meir med same eller mindre ressursar. Det krevst radikal tenking i nye måtar å organisere drifta på. I tillegg vert det også behov for å redusere nivået på tenestene gjennom direkte kutt, påpeikar Sjurgard.

Rådmannen er tydeleg på at situasjonen er så alvorleg at det ikkje er sikkert at kommunen har økonomi til å stette alle lovkrav. Det betyr ifølgje Sjurgard at det hastar med å dreie ressursar frå skule og barnehage med færre einingar, og vidare med å flytte ressursar i tenestetrappa til dei som har mest behov.

– Institusjonsplassane må reserverast til korttidspasientar, dei mest komplekse somatisk sjuke og pasientar med behov for skjerming. Det vil vere behov for redusere talet på heildøgnsbemanna omsorgsbustader og flytte ressursar til styrka tiltak i heimetenesta og rehabilitering. Men dette vil ikkje vere nok. Ein kan ikkje forvente tenester på ein standard utover det som kommunen etter lova er plikta å yte.

Høg gjeld gir lite handlingsrom

I den nye kommunelova vert kommunestyret pålagt eit tydelegare ansvar for økonomisk styring med krav om økonomiske måltal, som vil seie at gjelda må ned. Den høge gjelda gjer at kommunen eigentleg ikkje har eit økonomisk handlingsrom til ny ungdomsskule, symjeanlegg og brannstasjon på Grodås. Det er derimot svært store bygningsmessige manglar ved desse anlegga og symjeundervisning er lovpålagt.

Framtidige investeringar, utover ungdomsskule, symjeanlegg og brannstasjon, må derfor liggje under nivået på årlege avdrag – som vil vere under 45 mill. Ein konsekvens av dette vil vere at ein ser seg nøydde til å auke eigedomsskatten.

– Det vert nødvendig å føreslå at eigedomsskatten vert auka til 3 promille i 2022 og 4 promille i 2023 for å få plass til desse investeringane. Staten nyttar kommunane i utbygginga av velferdsstaten. Om lag 80 prosent av kommunebudsjettet går til velferdstenestene, forklarar Sjurgard.

I tillegg ynskjer Volda kommune også ha eit sterkt fokus på samfunnsutvikling.

– Volda kommune må vere med på klimadugnaden. For å ha positiv folketalsutvikling og rekruttering av kompetanse, bør vi leggje til rette for vekst i arbeidsplassar og bustadbygging. Det må gjerast prioriteringar dersom det skal gi seg utslag i faktisk handling, poengterer rådmannen.

Mellom tiltaka som er foreslått er ei vurdering av kinodrifta i Volda, nedlegging av Austefjord skule og barnehage, reduksjon i vegvedlikehaldet. Det er ikkje gjeve plass til bygging av eit nytt kulturhus.