Trandal-folk kan misse ferja til barnehagen

Frå nyttår ligg det an til at folk på Trandal ikkje kan nytte ferja til barnehage.

Skyss: Daniel Storeide vonar på ei lenging av kontrakten med Ørsta kommune. 

Nyheiter

Men dette vil ifølgje Daniel Storeide, som driv skyssbåttransporten, også gjelde folk som skal på arbeid, skule og vere med på fritidsaktivitetar for borna.

– Frå 1. januar 2020 ligg det an til at ferjetilbodet i Hjørundfjorden vil bli delt i to ruter. Slik utkastet til ferjerutene ser ut vil tilbodet mellom Trandal og Sæbø bli vesentleg redusert. Dette vil føre til at skyssbåten må nyttast til dette føremålet og dermed bli vesentleg meir brukt, skriv Daniel Storeide i eit brev til kommunen. Der ber han om eit møte med kommunen med von om ei lenging av kontrakten på Hjørundfjorden.

Storeide minner om følgjande:

– Dersom ferja til Skår fell vekk frå nyttår vil dette også føre til auka bruk av skyssbåten. Christian Gaard bygdetun har hatt eit kjempeflott samarbeid med kommunen kring skyssbåten på Hjørundfjorden. Vi ser at den har ein utruleg viktig funksjon på fjorden, uavhengig av kven som driftar den. Det viktigaste for å ha levande bygder er at fjorden blir knytt saman med skyssbåt og ferje, som utfyller kvarandre på ein god måte, skriv Storeide.