Kaihuset har 20-årsjubileum:

"Eg drøymde om å bli regissør, men vart musikar på Kaihuset"

DUO: Egil Olsen på keyboards og dåverande ordførar Nils Taklo jammar kort tid etter opninga av Kaihuset for tjue år sidan. – Eg kan ikkje hugse at ordføraren spelte så mykje. I alle fall song han ikkje, minnest Olsen. Arkivfoto 

Nyheiter

Det fortel låtskrivar og artist Egil Olsen, som var sivilarbeidar på Kaihuset det første året etter opninga i november 1999. Eigentleg var han ein slags antivald-medarbeidar og sjef for videoverkstaden, men i løpet av året vart han musikar.