Energidirektørar

– Ny prismodell kan gje lågare straumrekning

– Elektrifiseringa av Noreg vil gje folk lågare energikostnader. For å få til dette, treng vi ein ny prismodell for nettleige.
Nyheiter

Det skriv Rune Kiperberg, adm. direktør i Mørenett, Knut Kroepelien, adm. direktør i Energi Norge og Knut Lockert, daglig leder i Distriktsenergi, i eit lesarinnlegg i Møre-Nytt.

Dei viser til at Noreg er i gang med ei formidabel omstilling for å kutte utslepp av skadelege klimagassar.

– Elektrifisering av transportsektoren, både på landevegen og til sjøs, er mellom dei viktigaste tiltaka. Utrekningar frå Energi Norge viser at dette vil bidra til 30 prosent lågare energikostnader for ein vanleg familie, temmeleg enkelt fordi elbilar krev vesentleg mindre energi enn diesel- og bensinbilar. Det utgjer rundt 8.000 kroner i årleg sparegevinst for familien, seier Kiperberg, Kroepelien og Lockert.

Men for å få til lågare engerikostnader må det planleggjast. Det vert peika på at ladingane av elbilar må tidsstyrast, slik at forbruket av straum vert bforedelt på fleire timar i døgnet. Då unngår nettselskapa å investere stort i straumnettet.

– Ifylgje Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) kan vi spare heile 11 milliardar kroner i straumnettet ved å lade elbilane på tider av døgnet når straumforbruket generelt er lågt. Det er ein sparegevinst som bør kome straumkundane til gode gjennom lågare nettleige. NVE vil om få veker sende ein ny prismodell for nettleige på høyring for å kome kostnadsveksten i forkjøpet. Modellen vil gjere det rimelegare å bruke nettet når det er god kapasitet, og litt dyrare når det er «rushtid», seier Kiperberg, Kroepelien og Lockert.

– Folk flest blir stadig meir bevisste på korleis dei kan bruke energi smartare og meir miljøvenleg. I ei undersøking frå Elbilforeningen svarar heile 90 prosent at dei er villige til å flytta ladinga av elbil til natta. Den nye prismodellen for nettleige vil gje betre pristilbod til nettopp desse smarte kundane, heiter det i lesarinnlegget.

Når ny prismodell skal innførast i straumnettet, må både styresmaktene og nettselskapa difor leggje seg i selen for å gjere det enklast mogleg for kundane.

– Om nokon skulle mistenkje fornybarnæringa for å ynskje ny nettleige velkomen for å tene meir pengar, kan vi avkrefte dette. Styresmaktene har nemleg sett eit tak på kor mykje nettselskapa kan tene. Dersom prisen stig nokre timar i døgnet eller i veka, må han gå ned på andre tider. Målet vårt er å kunne levere straum til ei klimavenleg omstilling av Noreg, og leggje til rette for ny industri og nye arbeidsplassar, utan at straumkostnadene går i vêret for forbrukarane, heiter det frå Kiperberg, Kroepelien og Lockert.