Utvidar aktivitetstilbodet ved skulen:

– Berre å bruke syklane er motiverande i seg sjølv

Utvida tilbod: Bidragsytarane stilte opp for å sjå elevane i aksjon i pumptrack-bana onsdag. Ørsta ungdomsskule er svært glade for å få utvida tilbodet rundt sykkelstallen. 

Nyheiter

Åtte nye BMX-syklar og nye hjelmar kom på plass i sykkelstallen til Ørsta ungdomsskule onsdag. Syklane skal kome elevane til gode både i friminutt og undervisninga.