Musikklinja på Volda vgs kan bli halvert

Nyheiter

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik foreslår å halvere elevtalet for musikk, dans og drama på Volda vidaregåande skule, og også trekkje tilbake ekstramidlar til toppidrettsutdanning. Guttelvik foreslår også å kutte tilbodet om språkopplæring i framandspråk på nivå tre, noko som også vil råke Volda vgs.