Møtte ikkje til soning - tiltalt på nytt

Søre Sunnmøre tingrett: Ein mann er tiltalt mellom anna for ikkje å møte til soning.  Foto: Joachim Åsebø/Arkiv

Nyheiter

Ein mann i 60-åra møtte ikkje til soning i fengsel. No er han på nytt tiltalt.

I oktober i fjor skal mannen, som er busett i Ørsta kommune, har køyrt bil utan gyldig førarkort. Seinare same månad stoppa politiet mannen på nytt, og førarkortet var heller ikkje gyldig den gongen.

Også i oktober i fjor skulle mannen sone 21 dagar i fengsel. Han hadde fått innkalling til Ålesund fengsel, men han møtte ikkje til soning av dommen.

No er det tatt ut ny tiltale mot mannen. Saka skal opp i Søre Sunnmøre tingrett i midten av januar neste år.