Uroa over nye bussruter

Ørsta kommuenstyre åtvarar mot for stramme bussruter.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

– Vi er uroa over at grupper det tek lengre tid å ekspedere, kan verte gjort til syndebukkar viss bussane ikkje når vidare korrespondanse, grunna for stramme køyreplanar, heiter det i ei samrøystes fråsegn frå kommunestyret.

Kommunestyret har vedteke ei fråsegn til forslaga til nye buss- og ferjeruter.

Ørsta kommunestyre seier seg glade for at det frå nyttår blir tre ferjer i timen i sambandet Festøy-Solavågen (riksvegsamband), og at andre ruter vert tilpassa dette.

For ferjesambandet Festøy-Hundeidvik vil kommunestyret ha minimum same ruteproduksjon som i dag.

Kommunestyret ser positivt på auka produksjon i ruta Sæbø-Leknes.

Men understrekar at for ferje to i indre Hjørundfjord må rutetidene bli endra slik at dei blir best mogleg tilpassa behova for fastbuande og næringsliv som brukar ferja.