Karoline blir språksjef i NRK

Karoline Riise Kristiansen (41) frå Volda er tilsett som ny språksjef i NRK. Som språksjef får Kristiansen ansvaret for å røkte språket i heile NRK.

Oslo 20191018. Redaktør Karoline Riise Kristiansen i Nynorsk pressekontor.   Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Nyheiter

NPK/ntb. Karoline Riise Kristiansen kjem til NRK frå NTB og stillinga som ansvarleg redaktør for Nynorsk pressekontor (NPK), der ho har jobba sidan 2009.

Stillinga som språksjef er plassert i nyheitsdivisjonen og nyheitsdirektør Helje Solberg seier ho er glad for å ha fått Kristiansen med på laget.

– Det har vore viktig for oss å finne ein språksjef som både har god redaksjonell erfaring og fagleg tyngde på norsk språk. Det har Karoline, i tillegg til å vere ein positiv kulturskapar som bygger gode relasjonar i nettverk, seier ho.

Karoline Riise Kristiansen sjølv er svært fornøgd med å komme til NRK.

– NRK er Noregs største og viktigaste mediehus, også når det gjeld språk. Eg takkar for tilliten og gleder meg til å arbeide saman med alle dei flinke folka som er i NRK over heile landet, seier den påtroppande språksjefen.

Ho tiltrer i NRK 3. februar neste år. Inntil ho er på plass vil Dagsrevyens Ingvild Bryn fungere som NRKs språksjef