Tidlegare kommuneoverlege Arne Gotteberg

Elendig alliansebygging frå Ålesunds-legar

Tidlegare kommuneoverlege Arne Gotterberg i Ørsta og Volda reagerer sterkt på utspelet mot traumefunsjon ved Volda sjukehus frå legar ved Ålesund sjukehus. Under kan du lese innlegget hans.

Pensjonist: Etter nesten seks år som felles kommuneoverlege for Volda og Ørsta kommunar gjekk Arne Gotteberg av med pensjon 15. mai i år. Han ser fram til å ta alle moglegheitene som byr seg når han no er pensjonist.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Med vantru las eg i Sunnmørsposten den 31.10.19 det som mange oppfattar å vere eit ufint frontalangrep frå 40 sjukehuslegar i Ålesund på livsnødvendig traumetilbod ved Volda sjukehus.

Stort bilde utan namn på personar og fotograf tvers over første side og ein kronikk utan signatur. Bildet talar for seg sjølv! Det er lite  tillitsvekkande for pasientane dette og at så mange legar ved eit stort sjukehus angriper livsviktige funksjonar ved eit anna og mindre sjukehus, jfr. Goliat versus David?

Kven har definisjonsmakta?                                                                                                                              

Etter å ha arbeidd eit yrkesaktivt liv med samhandling i feltet, hadde eg oppfatta at klimaet, samarbeidet og gjensidig respekt mellom Ålesund og Volda sjukehus no var vesentleg betre enn på lenge. Eg trudde ideologien no var å framsnakke, utfylle og å spele kvarande gode! Men slik dette kom på trykk i Sunnmørsposten, kom trollet fram i lyset.                                                   

Slik vinkling kan skade, ikkje berre Volda sjukehus, men vil også skade Ålesund sjukehus si sak! 

Eg har langt meir tru på ideologien eg nemde ovanfor og på alliansebygging. I mitt arbeide har eg ofte stussa og undra meg over kvifor ein ved Ålesund sjukehus var så dårlege på å bygge gode allianser? Oppsettet forklarar det meste.

Eg forstår og deler legane sine store frustrasjonar over at Sunnmøre på mange måtar har kome i bakleksa grunna dårleg økonomi i HF. Men vi er då i same båt og taklar dette langt betre ved å stå skulder ved skulder enn ved å spele ein svakare part ut i mediebildet? Det blir så aldeles feil når frustrasjon mot det sterke overordna nivå går ut over ein mindre alliansepartnar.

Vi på Søre-Sunnmøre sluttar aktivt opp om Ålesund sjukehus og ønskjer – så sterkt vi kan – å stadfeste og vidareutvikle dette som det leiande og mest avanserte sjukehuset i Møre og Romsdal! I så måte applauderar vi ålesundsordførar Eva Vinje Aurdal sine mange utspel og iherdige arbeid for å synleggjere Ålesund sjukehus sin store betydning og å sette dette på dagsorden både i HMR og Helse Midt-Norge.

Men vi applauderer ikkje eit frontalangrep frå 40 legar som vil gå ut over oppretthalding av livsnødvendige og livreddande akuttfunksjonar ved Volda sjukehus, eit sjukehus som også skal vere beredskapssjukehus ved tsunami i Storfjorden. Det er ei køyretid på 4 1/2 timar mellom Førde og Ålesund. Veirtilhøve og rasstengde vegar kan gjere denne køyreturen vesentleg lenger.

Vi aksepterer ikkje eit opplegg der livstruande skadar skal måtte sendast forbi eit sjukehus som har svært god kompetanse i vakt og kunne behandle og/eller stabiliserte tilstaden og redde liv. I staden for å slå an tonen slik dei har gjort ville dei aktuelle legane tene Ålesund sjukehus sine interesser mykje betre ved å vere kloke, audmjuke og taktiske gjennom aktiv og vedvarande støtte til behovet for gode akuttmedisinske tenester og eit kostnadseffektivt traumetilbod ved Volda sjukehus.

God gjensidig alliansebygging vil gi vesentleg betre uttelling for Ålesund sjukehus.  


Arne Gotteberg

pensjonert kommuneoverlege i Volda og Ørsta

som gjekk i protesttog med plakat FOR Ålesund sjukehus