Til sjukehus etter gravemaskinulykke

Nyheiter

Søndag ettermiddag fekk politiet melding om ei ulykke i samband med gravemaskin-arbeid på privat eigedom på Sæbø. Gravemaskina velta og rulla ned ein bakke. Ein person tok seg til legevakt på eiga hand, men vart vurdert så skadd at han vart sendt vidare med luftambulanse til Ålesund sjukehus.

Politiet opplyser 17.12 at dei er på veg til ulykkesstaden.