Gleder andre i skuletida

Elevar: Elevane Jonatan, Malin og Emma synest Innsats for andre er eit meiningsfullt fag. 

Nyheiter

Ungdomsskulen i Ørsta har frå i haust fått eit nytt, spennande valfag som heiter Innsats for andre. Vi tok ein prat med lærar Hjørdis Almelid Vikenes og elevar på 9.trinn som har valt dette faget.

Faget Innsats for andre går ut på glede folk i kvardagen. Elevane skal samarbeide med ulike frivillige organisasjoner og kommunale institusjonar for å kunne lage arrangement for å glede både gamle, sjuke og unge.

Glede i barnehagen

Hjørdis Almelid Vikenes synest at det er kjekt at ho har fått dette faget, og for å vere lærar i dette faget, treng ein ikkje eiga «gledingsutdanning».

– I veke 40 hadde vi vårt første uteoppdrag, då vi var i Mosmarka barnehage og hadde stasjonsleik med nokre av borna der, fortel ho.

I haust skal elevane på Innsats for andre også samarbeide med Krokedalen barnehage og Barnas Vel.

– Så håper vi å rekke å bake litt julekaker. Tanken kan verte til glede for dei som ikkje klarer å bake sjølve, fortel Hjørdis med eit smil.

– Virka interessant

– Vi valde dette faget fordi vi synest det virka interessant og at eg kan vere med på å gjere skulen og samfunnet betre, seier elevane Malin, Emma og Jonatan.

I tillegg til barnehagebesøk, har det for 9. klassingane for det meste vore planlegging i fokus så langt i haust.

– Vi har skrive e-postar og ringt til organisasjonar som kanskje kan hjelpe oss med å glede andre, og som vi kan samarbeide med, fortel dei.

Malin, Emma og Jonatan likar faget godt så langt, og gler seg til fleire oppdrag. Dei håpar at dei får organisasjonar som vil samarbeide med dei.

– Om der er lag, organisasjonar eller institusjonar som kan tenkje seg å samhandle med oss på Ørsta ungdomsskule i dette faget, ta anten kontakt med skulen eller med meg, oppmodar Hjørdis.

Også 10.trinn har fått Innsats for andre som valfag. Dei har Anne Grethe Sandnes som lærar, og dei er i full gang med å utvide og forbetre kantinetilbodet på skulen.