Vil laga 1.245 meter lang turveg i Ørsta

Nyheiter

Ørsta kommune søkjer om 1,38 millionar kroner til ein 1.245 meter lang turveg i Holmane. Turvegen er tenkt som ein del av uteområdet til Ørstahallen, og er i tråd med utviklingsplanen for Ørsta sentrum.

Turvegen vil variere mellom 1,5 meter med grus og tre meter breidde med asfalt. Heile strekninga skal lyssetjast. Totalkostnaden er kalkulert til 7,4 millionar kroner.