Rår frå Kiwi-dispensasjon

Volda: Dette er ei av skissene for Kiwi-bygget i Volda, som Arne Johan Rebbestad står bak.  Foto: Illustrasjon

Nyheiter

Kiwi Volda har søkt om dispensasjon frå plankrav til ein ny og mellombels avkøyrsle frå offentleg veg for å bygge ny Kiwi-butikk til erstatning for den gamle. Dette er Kiwi-butikken ved høgskulen.

Møre og Romsdal fylkeskommune rår frå at det vert gjeve dispensasjon. Årsaka er at det allereie er varsla reguleringsarbeid på same området. Fylkeskommunen meiner dette kan gje uheldige føringar.