Folkehav gjekk Øyralangs

Tusenvis deltok i Øyralangs i Volda laurdag ettermiddag
Nyheiter

Øyralangs skal skape liv i Volda sentrum, og vart arrangert første gong i fjor. Då gjekk om lag 2000 den opplevingsrike og stemningsfulle turen langs Øyreaelva i Volda sentrum. I år vart suksessen gjentatt, med ein enorm oppslutnad.

– Vi byrja å telle ved første brua, og det passerte 80 personar i minuttet. Då det hadde gått 45 minutt hadde vi kome til 3000 fortel Åse Leikanger, ei av dei som hadde ansvaret for arrangementet.

Og folkestraumen over bruene berre heldt fram, så truleg var det dobbelt så mange som i fjor, altså 4000. Eller kanskje endå meir?

– Folk har kome frå Ørsta og andre nabokommunar. Det er eit litt av eit tog, seier Åse Leikanger.

Kreative skuleelvar og studentar har deltake, og skapt ulike hendingar på stasjonar nedover elva. Her var song, dans og musikk, og små og store fekk møte eventyrfigurar og skumle skapningar. Ikkje minst imponerande var lyssettinga, som skapte magisk stemning.

–Eg er mektig imponert. Her var det mange inntrykk, seier varaordførar Sølvi Dimmen.

Ho stod for opninga av Øyralangs 2019.

– Det var litt av eit folkehav. Det var som å sjå ut over Karl Johan, med masse folk og lys.