Honningbarna til Rokken på fredag

Honningbarna 

Nyheiter

I kveld spelar det kritikarroste bandet Honningbarna til Rokken. I fjor haust hadde dei ei lita pause, men er no på ein stor turne med ny musikk.

Eit av våre viktigaste og markante band kjem til Volda. I fjor haust tok bandet ein pust ibakken. Før det hadde dei akkurat vore på ein omfattande turne, der dei blant anna spelte for eit utselt Rockefeller. I den tid Honningbarna har halde på så har dei gjett ut fem album, vunne Spelemann og P3 Gullpriser. I løpet av sin tid innan musikkbransjen har dei klart å bli rekna som eit av dei beste livebanda i landet.

23. august i år slapp dei dobbeltsingelen «Siden sist». Som er bandets første utgjeving på eit halvanna år.

Bandet debuterte i 2010 med EP-en Honningbarna. Og året etter blei dei kåra til Årets Urørt.

Den 25. mars det same året kom deira første debutalbumet «La alarmane gå». Med debutalbumet sitt vant dei klassen for rock under Spelemannprisen 2011. Oppgjennom åra har allereie Honningbarna trass sin unge alder spelt på over 300 konsertar på klubbscenar i innog utland.

Om låtane seier dei sjølv følgande:

- Vi vil at musikken vår skal vere lyden av dei liva ein lever, ikkje soundtracket av rømminga frå dei. Også når liva vi lever ikkje er særleg catchy, euforiske eller romantiske, men heller opplevast som forvirrande, uforståelege, eller kanskje også valdeleg. Eller alt det der samtidig.